I tillegg til ei flott naturoppleving, vil turane gi deg ei minnerik innføring i historia til dei plassane vi besøkjer. Du skal få ta del i kulturhistoria og bli kjend med eit kulturlandskap som er eineståande i verdssamanheng.
På
Jetteturar med Jorunn!
Bli med Jorunn på jetteturar og bli kjend med Flåm og Flåmsdalen gjennom personleg guiding.
Jorunn Heggdal er fødd og oppvaksen i Flåm. Naturen, og serleg fjella har alltid vore viktig for henne. No inviterer ho andre til å ta del i det unike kulturlandskapet, historiene og fjella.
Jorunn har utdanning innanfor Kulturminnekunnskap og kulturmiljøforvaltning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho ser verdien av å dele kulturarven med fleire.
- Eg gler meg til å ta deg med inn i ei verd full av spor frå fortida; med jettegryter, hellekister, gardsmuseum og stølar. Som deltakar må du ta dei fleste sansane i bruk og du vil få ei oppleving for livet.
Påmelding:
+ 47 91 52 33 94
|