|
Flåmsdalen er eit trongt og smalt dalføre som skjer
seg inn i det 1200-1500 meter høge fjellplatået sør
for Aurlandsfjorden. Her har folk gjennom tidene slege seg til der
lendet ga høve til det. Næringsgrunnlaget var frå
gamalt av landbruk grunnlagt på det rike fjellbeitet. På
slutten av 1800-talet kom ei storomveltinga, med emigrasjon til
Amerika og bygging av Bergensbana. I 1897 vart det bygd anleggsveg
til Myrdal og vidare. Nokre av høgdagardane er i dag fråflytte,
men framleis er det aktivt husdyrhald i Flåm, i hovudsak geit-
og sauehald.

 |

www.fjordarv.no |
|