|
Dei eldste spora etter folk i Flåmsfjella går langt
attende i tida. Den faste busetnaden i Flåmsdalen er truleg
eit par tusen å gamal. I tillegg til å produsera mat
til seg og familien, måtte bøndene selja varer slik
at dei kunne betala skatten. Smør var viktigaste salsvara.
Derfor var det mykje husdyr på alle gardane. Dette har gitt
eit variert kulturlandskap med styvingstre, utmarksslåtter,
beitemark, åkerreiner, murar, rydningsrøyser, utmarksløer,
stølsvegar og steingjerder.
|