English version
   
   
Flåmsdalen Tur 2   Tur 3   Tur 4   Tur 5   

Fottur med lokal guide på den gamle ferdselsvegen gjennom dalen. Me startar turen på Berekvam stasjon, som ligg halvvegs opp i dalen og går ned til Flåm gard. Turen kan og avsluttast på Dalsbotten st. og der ta toget  opp til Myrdal eller Flåm st. Heile turen er på ca  8 km. og med ein høgdeforskjell på omlag 300 m. 

Det spesielle med Flåmsdalen er klynge- og rekketuni, som har lege på same staden i mange hundre år og framleis er busette og drivne gardar. Me besøkjer eit gammalt skulehus, eit  gardsmuseum, ser på jettegryter og vandrar i kulturlandskapet ned til Dalsbotten.  Me held fram ned til Flatedalen og over Furuberget, med utsikt over Flåm. Vidare kan me sjå på kvernhus, kraftstasjon og kyrkja.  

Her vert den guida turen avslutta, men om ein vil, kan ein ta toget frå Håreina ned til Flåm eller gå dei 3,5 km. som er att.  

Turen passar for alle som er van med å gå litt i terreng.

 

Dag: Må tingast.
Lengde: 4-6 timar
Utstyr: Joggesko*
Terreng: Sti-veg - krev litt trening
Vanskegrad: Middels krevjande tur

Påmelding:
+ 47 91 52 33 94